Arna Senioruniversitet er ein ideell organisasjon, stifta av Arna Frivilligsentral. Arna Senioruniversitet er organisert som ei sjølvstendig eining med eige styre og økonomi. Senioruniversitet er basert på individuelt medlemskap. Gjennom foredrag, kurs- og gruppeverksemd ønskjer ein å setje seg inn i utvalde fag og emne - utan å sikte mot formell kompetanse.

STARTSIDE

OM OSS

ÅRSMELDING

ARNA SENIORUNIVERSITET

BILDER

LINKER

KONTAKT
Arna Senioruniversitet

Semesterplan 1.halvår 2009

Forelesningane er opne for alle.

 

Tysdag 6.januar:

Tema:           ”By og Bygdenytt” – En ærbødig historie

Forelesar:    Dagfinn Malt

Møtestad:      Ljoshall

Tid:                11.00-13.00

Dagfinn Malt, den kjende radiorøysta frå NRK Hordaland vitja denne tysdagen Arna Senioruniversitet. Her vil han ta oss med på ei reise gjennom ”By og Bygdenytt” si historie.

 

Tysdag 3. februar:

Tema              Amalie Skram ”Kjellermannens datter”

Forelesar      Elisabeth Aasen

Møtestad       Ljoshall

Tid              11.00 -13.00

Elisabeth Aasen er utdanna lektor med faga fransk, norsk og litteraturvitskap. Statsstipendiat frå 1992. Ho underviste i mange år ved Tanks skule og Universitetet i Bergen. Ho har skrive fleire bøker om kvinner i kulturhistoria, redigert antologier, oversett skjønnlitteratur frå fransk og skrive ei mengd artiklar. Ho debuterte som forfattar i 1978 med "Vår bestemmelse er å giftes. Ei samling tekstar av kvinnelige forfattere fra 1800-talet".

 

Tysdag 3. mars:

Tema              Sunn mat i kvardagen, enkle råd for godt vaksne

Forelesar      Åsta Otteren Ellingsen

Møtestad     Ljoshall

Tid              11.00-13.00

Åsta Otteren Ellingsen er avdelingssjef og ernæringsfysiolog i Rieber & Søn ASA, TORO.

 

Tysdag 31.mars:

Årsmøte med forelesing (eiga innkalling blir sendt ut seinare)

Tema           Helse og humor

Forelesar      Jan Spurkeland

Møtestad     Ljoshall

Tid              11.00 -13.00

Jan Spurkeland har lang røynsle innan personalspørsmål, leiartrening og organisasjonsutvikling i Statoil. Praktisk lederrøynsle som rektor, skulesjef og personalsjef. Han er ein mykje brukt foredragshaldar i ulike samanhenger. Han har forfatta Fleire bøker og artikler innen ledelse og organisasjonsutvikling. Han har og skrive boka ”Følkaprat og skrøne” strilahumor i godt lag, kor han har samla inn historier frå heimtraktene og blanda dei med eigne synsmåtar om kva strilehumor er. Boka inneheld òg dikt om strilane til dømes dei om den berømte Spøt-Olina.

 

Tysdag 5. mai:

Tema              Songarven vår

Forelesar      Asbjørn Devik

Møtestad     Ljoshall

Tid              11.00-13.00

Asbjørn Devik er fagsjef ved Bergen Kulturskule. Han vil ta oss med på ei reise gjennom kjende og kjære songar frå vår rike songarv.

Forelesinga vil bli lagd opp med ein kombinasjon mellom kåseri og allsang.

 

Tysdag 2. juni:

Senioruniversitetet på utflukt.

På årets utflukt vil vi ta dykk med på tur til Osterøy. Turen startar kl. 10.00 frå Arna Terminal med retur til Arna omlag kl 16.30.

På vegen er vi innom ”Bullahuset” kor vi får omvisning ved Ole Bull sitt tippoldebarn Knut Hermandsen. Det blir også musikalsk innslag. Turen går vidare til ”Hamrekyrkja” og til ”Fjordslottet” kor me et lunsj. Det vil bli guide med ombord i bussen. Bindande påmelding innan 5. mai.

Eigenandel på turen blir kr. 250,- for medlemar og kr. 300,- for ikkje medlemar.  

Nytt tekstfelt